bruBruer

Når ein eller fleire tenner manglar, kan desse erstattast med ei bru. Det forutset gode nabotenner som brua kan festast til. Festetennene vert tilslipt/preparert, og det vert teke avtrykk som vert levert til tannteknikar. Tannteknikar lagar ei bru som er laga av porselen med eller utan ei metallkjerne. Denne vert sementert til tennene/røtene ved neste besøk. 

Ei bru er vanlegvis svært haldbar, og kjennest og ser naturleg ut. Det er viktig at pasienten er nøyen med reinhald og får regelmessig oppfølging av tannlege for kontroll av brua. 
Alternativet til ei bru er kjeveortopedisk lukking av tannluka (tannregulering), implantat eller ei delprotese.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side