Førebyggande tannbehandling
Førebygging av tannsjukdom er alltid betre enn behandling i ettertid. Me legg derfor stor vekt på informasjon og instruksjon i korleis du best tar vare på tennene dine. Førebyggande tannpleie skal utførast dagleg ved hjelp av fylgjande:
• pussing med mjuk tannbørste eller elektrisk tannbørste
• bruk av tanntråd/tannstikker/interdental-børster
• fluortannkrem
Ved behov, gjev me også individuell kosthaldsinformasjon. Det viktigaste er å unngå mellommåltid og hyppige inntak av sukkerhaldige/syrleg drikke som fører til syreangrep på tennene og gir hol (karies). Som ein del av den førebyggande behandlinga, fjernar me tannstein, belegg og misfarging ved kvar kontroll.