Fyllingsterapi

Alt tannrestaureringsmateriale me brukar er CE-merka (Conformité Européenne) og sikrar krav til helse, miljø og tryggleik for marknadsføring i EØS-området.

Tannfarga fyllingar

Kompositt er det fyllingsmaterialet som vanlegvis vert brukt i tannfarga fyllingar. Komposittfyllingane er også estetisk bra. Sidan den vert limt fast til tanna treng ein ikkje å fjerne like mykje av tannsubstansen som når ein lagar ei amalgamfylling. Ulempa med kompositt er fare for spaltedanning og noko avgrensa haldbarheit. Kvite fyllingar kan føre til ømheit/ising i tanna i ein kortare eller lengre periode etter at fyllingsterapien er utført. I dag har kompositt erstatta amalgam som fyllingsmateriale.

Porselensinnlegg

Porselen er eit alternativ til store kvite fyllingar. Det er eit godt og forholdsvis haldbart fyllingsmateriale som ser fint ut. Porselensinnlegg/onlays har ein meir omfattande produksjonsprosess enn komposittfyllingar fordi dei må støypast hjå tannteknikar etter at tannlegen har slipt til (preparert) og teke avtrykk av tanna. Innlegget vert støypt i forsterka porselen og sementert til tanna ved neste besøk. Porselensinnlegg gjev derfor høgare kostnader enn tannfarga komposittfyllingar.

Gullinnlegg

Gullinnlegg har vore brukt sidan starten av tannlegefaget. Dei er svært slitesterke og haldbare. Gullinnlegga vert støypt hjå tannteknikar etter at tannlegen har slipt til (preparert) og teke avtrykk av tanna. Ved neste tannlegebesøk vert gullinnlegget sementert til tanna. I dag har kvite fyllingar erstatta mykje av dei høva som tidlegare vart behandla med gullinnlegg.

Belastning og estetikk er avgjerande for kva materiale som passar best i kvart enkelt høve.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side