kroneKroner

Ei krone er ei kunstig oppbygd tann som vert festa til ei tilslipt tann/rot. Krone vert laga når tanna er så øydelagd at den ikkje kan reparerast med ei fylling. Tanna vert tilslipa/preparert, og det blir tatt avtrykk som vert levert til tannteknikar. Tannteknikar lagar ei krone av gull og porselen eller kun forsterka porselen. Denne vert sementert til tanna/rota ved neste besøk. Ei krone toler mykje, er svært haldbar, estetisk pen og kjennest ut som ei ekte tann. Rota kan framleis verte utsett for tannråte/karies. God tannhygiene er derfor svært viktig, samt regelmessig kontroll hjå tannlege. I enkelte tilfelle der ein har for lite tannsubstans att, vil det vera nødvendig å rotfylle tanna og deretter lage ein stift for å få tilstrekkeleg feste/grep rundt tanna til å lage ei krone.

Limt krone/skallkrone

Desse kronene blir framstilte av eit tynt keramisk material som gjer det mogleg å slipe mindre av tanna enn om ein lagar ei tradisjonell krone i metall og keramikk. Ein kan då i større grad unngå komplikasjonar som at tannerven døyr eller at tanna kan gå i stykker ved ei framtidig overbelastning. Krona vert limt til tanna og sit såleis godt fast. Krona kan ikkje alltid lagast då ho er meir teknisk avansert og stiller krav til den gjenståande tannsubstansen. Du og tannlegen bestemmer saman kva for eit alternativ som er best.

 

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side