tann rotRotbehandling

Ved rotfylling (endodontisk behandling), vert nerven i tanna fjerna og rotkanalen/-kanalane reinska, opparbeida og til slutt fylt med eit rotfyllingsmateriale. Dette føregår i ein eller fleire seansar. Det kan vera fleire årsaker til at det er nødvendig å rotbehandle ei tann. Dei to vanlegaste årsakene er djupe hol (grav karies) og store gamle fyllingar som har irritert nerven i tanna.

Dette gjev ein betennelsesreaksjon i tanna og vevet rundt. Denne betennelsen må fjernast før rotkanalen/-kanalane vert tetta igjen.
 Betennelsesreaksjonen i tanna er ikkje alltid smertefull, men kan oppdagast tilfeldig av tannlegen på røntgenbilete og liknande. Karakteristiske tegn på at ei tann må rotfyllast er tyggeømheit, temperatursensibilitet, røntgenologiske tegn og ikkje minst tannverk.

Ei rotfylt tann treng ei toppfylling for å tette rotfyllinga. Er tanna svekka, vert tanna bygd opp med for eksempel ein stift og ei krone. 
Ei rotfylling er vanlegvis ei smertefri behandling, men nokre betente tenner kan vere vanskelege å bedøve. Med god tid og rett bedøving (anestesi) oppnår ein likevel smertefri behandling.

 

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side