implantatTannimplantat

Eit implantat er ein titanskrue som vert operert ned i kjevebeinet av ein oralkirurg. Implantatet fungerer som ei kunstig rot for påsetjing av krone eller bru. Implantatet er ei varig løysing og vert brukt som alternativ til bru dersom ein ikkje ynskjer å preparere på nabotennene eller manglar bropilarar / støttetenner til ei bru.


Ei forutsetning for implantat er tilstrekkeleg tjukkleik på kjevebeinet. Alternativt kan kjeven rekonstruerast med eit kunstig materiale.

Implantatbehandlinga startar gjerne med å fjerne den eksisterande tanna som skal erstattast. Deretter vert det ei ventetid på omlag tre månader, men ved behov lagar ein ei kortvarig krone. Etter innsetjing av implantatet, må ein rekna med ein helingsperiode på minimum tre månader før ein kan setje på krone eller bru.

Tannimplantat og trygd:


Tannimplantatbehandling kan finansierast gjennom HELFO. Refusjon er diagnoseavhengig. Dette betyr at det er ein diagnose som avgjer om ein får refusjon, og kor stor refusjonen er. I dag er det tannlegen som etter eit regelverk avgjer om du får refusjon eller ikkje. Hjå oss har me direkteoppgjer. Dette betyr at du berre betalar eigenandelen for behandlinga og HELFO dekker resten. Når det gjeld tannimplantatbehandling og trygderefusjon er det berre spesialgodkjende tannlegar som kan gjere trygdefinansiert tannbehandling. Me henviser desse tilfella til samarbeidande oralkirurg og protetikar.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side