Tannkjøtsbehandling

Periodontitt er den vanlegaste tannkjøtssjukdommen. Tilstanden utviklar seg over tid og ofte er ikkje pasienten klar over dette før sjukdommen har kome så langt at tennene losnar. Periodontitt startar som ein betennelse i sjølve tannkjøtet som fylgje av bakterier i plakket/belegget, og røykarar er spesielt utsett.

Hjå dei som er disponert kan betennelsen utvikle seg vidare. Dette fører til at fibrane, som festar tanna til kjeven, og sjølve beinet rundt tanna vert broten ned. Det vert danna ei lomme mellom tann og tannkjøt som gradvis vert djupare, før tanna losnar og dett ut. Karakteristiske sjukdomsteikn er lett blødande, raudt og hovent tannkjøt, deretter over tid mobile/lause tenner og vond lukt.

Tilstanden krev omfattande og langvarig behandling hjå tannlege/tannpleiar, i tillegg til nøye reinhald utført av pasienten sjølv. Dersom sjukdommen er vanskeleg å behandle, vert pasienten henvist til periodontist, ein spesialist i tannkjøtsjukdommar. Av og til ser me at det er nødvendig å operere tannkjøtet for at betennelsen skal forsvinne og at ein skal lettare kunne halde reint. 

Utgifter til tannkjøtsbehandling vert delvis dekka av HELFO.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side