Tanntrekking

Når tenner er så lause eller øydelagde at dei ikkje kan reparerast, må dei trekkast for å unngå infeksjon og smerter. Tanntrekking vert også utført om ein har tenner som hindrar andre tenner i å vekse. I samband med tannregulering kan tenner trekkast for å laga plass til tenner som skal justerast

Kirurgisk tanntrekking

Nokre gonger sit tennene så godt fast i kjeven at tannlegen ikkje kan trekka ei tann på normalt vis. Tanna kan i tillegg vera godt gøymd. I slike tilfelle fjernar ein tannkjøtet rundt tanna og tannlegen borer rundt tanna for at den skal avdekkast. Dersom tanna er vanskeleg å få ut i éin del, vert den delt opp i bitar før den vert fjerna. Tannlegen gjev alltid godt med bedøving, og inngrepet er normalt heilt smertefritt. Ein kan bli litt hoven og ha smerter nokre dagar etter inngrepet. Pasientar får smertestillande tablettar som skal hjelpa godt mot ettervirkningane.
Etter inngrepet syr tannlegen/kirurgen eit par sting for å halde såret på plass. Stinga vert fjerna etter 7-10 dagar eller løysast opp av seg sjølv.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side