estetisk tannbehandlingBleiking

Me utfører indre bleiking av enkelt-tenner som har blitt misfarga etter rotfylling eller traume/slag.
Bleiking av samtlege tenner i overkjeve og/eller underkjeve kan også utførast. Her vert det laga ei plastavstøyping (skinne) som vert forma til kvar kjevehalvdel. Denne tar ein vanlegvis med heim. Den skal fyllast med bleikemiddel og plasserast i munnhola i eit visst antal timar pr. døgn i 1-2 veker.

Gule og brune nyansar er lettare å bleike enn grå og blå nyansar. Ulempen med bleiking er ein viss risiko for ising. 

Fjerning av belegg, misfarging, tannstein

Belegg og misfarga tenner kan vera skjemmande. Me fjernar belegg og misfarging på tennene. Dette vert gjort like mykje av hygieniske grunnar som estetiske.

Air Flow

Me tilbyr behandlinga Air Flow, som på ein effektiv og skånsom måte fjernar belegg og misfaringar. Tennene vert sandblåst med vatn og natriumbikarbonat. Resultatet er glattare, reinare og kvitare tenner.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side