Fjerning av visdomstenner

Me utfører trekking av tenner, spalting og kirurgisk fjerning av delvis retinerte visdomstenner (visdomstenner som ikkje er komne fullstendig på plass). Retinerte visdomstenner og annan tann- og kjevekirurgi henviser me til eigen oralkirurg.

Rotspissamputasjon

Dersom normal rotbehandling ikkje gjev vellukka resultat eller ikkje kan utførast, er rotspissamputasjon eit alternativ. Tette eller bøygde rotkanalar gjer det vanskeleg å reingjera, noko som kan føre til infeksjon på spissen eller langs rota. 
Inngrepet startar med at kirurgen lagar eit snitt i tannkjøtet, lyfter det til side og borar gjennom beinet for å nå rotspissen. Tuppen på tannrota og betennelsesvevet rundt tanna vert fjerna. Når dette er gjort kan ein tydeleg sjå rotkanalen som skal reingjerast. Deretter vert den fylt med eit materiale som vert liggjande permanent. Tannkjøtet vert så lagt tilbake og sydd saman med eit par sting. Inngrepet skjer under lokalbedøving og er normalt smertefritt. Me henviser dei kompliserte tilfella til samarbeidande oralkirurg/rotspesialist.

Opningstider:

Måndag – onsdag 08.00 – 16:00
Torsdag 08.00 – 19.00
Fredag 08:00 – 16:00
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 5652 1498
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss: facebook-side