Behandlingar hos Voss Tannlegesenter

Hos oss får du alt frå undersøking og fyllingar til rotfylling, kroner og førebyggande behandling.
Me skreddarsyr behandlinga etter dine behov og ønskje.

Undersøking

Tannlegen vil gjere ei undersøking av tenner, tannkjøtt og kjeve. Normalt blir det teke røntgenbilder ved kvar undersøking, og me tar ein enkel tannrens.
Skulle det vere naudsynt med behandling vil me informere om det og gje deg eit kostnadsoverslag før behandlinga. 

Ved større arbeider vil me lage ein behandlingsplan og eit skriftleg kostnadsoverslag med utgangspunkt i dine ynskjer og økonomi.

Me anbefaler vanligvis ei innkalling ein gong om året. Nokon kan ha behov for tannrens kvar 6. eller 3. mnd. Om du ynskjer det får du ei automatisk innkalling via SMS ca 3 veker før oppsett time, og ei påminning dagen før timen.

Voss Tannlegesenter Foto Veronika Stuksrud Fotova 010 scaled
Voss Tannlegesenter Foto Veronika Stuksrud Fotova 019 scaled

Airflow

Med ei blanding av salt/vatn og tilsett smaksstoff fjernes misfarging og belegg på ein effektiv og smertefri måte. Dette gjer at tennene ser lysare ut då det fjerner overfladiske flekker frå blant anna te, kaffe, røyk osb.

Fyllingar

Fyllingar erstatter tapt eller skada tannsubstans, til dømes hol. Den erstattes med eit tannfarga fyllingsmateriale. Med bruk av ulike fargar vil fyllinga bli mest mogleg lik di eiga tann.

Rotfylling

Eit hol som har blitt for stort gjer at bakterier kjem inn til nerven i tanna. Dette gjer at nerven døyr. Tanna si nerve og blodkar vil då rensast vekk og bli fylt med eit rotfyllingsmateriale. Tanna må til slutt forseglast med ei fylling eller ei krone.

Behandlinga gjerast under lokal bedøving.

Me har ein spesialist i rotbehandling som me nyttar i kompliserte tilfelle.

Krone

Når skaden på tanna er så stor at ein ikkje kan bruke fylling til å reparere ho må tanna ha ei krone. Noko tannsubstans må då fjernast for å gje plass til eit skal av porselen og/eller metall som settes over tanna. Krona lagas av ein tannteknikar. Ei slik behandling krev to besøk.

Bru

Om ei tann har gått tapt eller er svært øydelagt kan ho erstattas med ei tannbru for å fylle luka som oppstår. Fleire tenner slipes ned på same måte som når ei skal lage ei krone, og ein tannteknikar lagar ei bru som festes på dei nedslipte nabotennene. Behandlinga krev vanlegvis to besøk, men fleire besøk kan vere naudsynt om brua er stor.

Voss Tannlegesenter Foto Veronika Stuksrud Fotova 013 scaled
Voss Tannlegesenter_Foto Veronika Stuksrud - Fotova_007

Implantat

Eit implantat erstatter ei eller fleire manglande tenner. Implantatet vil opererast inn i beinet der tanna si rot har stått. På toppen av implantatet settes ei krune eller det lagast ei implantatbru om det manglar fleire tenner. Ein stor fordel med implantat er at ein slepp å slipe i nabotenner.

Me bruker implantater frå sveitsiske Straumann og samarbeider med oralkirurg for deler av behandlinga.

Me har tannlege som er godkjent for implantatprotetikk med trygderefusjon (HELFO-refusjon).

Proteser

Ei avtagbar protese nyttast der det ikkje er feste nok for ei tannbru. Den kan vere festa på gjenståande tenner eller på ein tannlaus kjeve. Implantatar kan og gje feste for protesa.

Tanntrekking/kirurgi

Tanntrekking er naudsynt når ei tann er alvorleg skada, infisert eller når det ikkje er plass til den i munnen, til dømes visdomstenner. Om tannkjøttet ligg over tanna må det åpnast opp for å få tilgang til å fjerne tanna. Me samarbeider med oralkirurg der det trengs.

Bleiking

Tannbleiking er ei kjemisk rensing av det ytterste lagt på tennene. Normalt brukast hydrogenperoksid som bleikemiddel.
Me tilbyr heimebleiking der du får individuelt tilpassa skinner som skal brukast 5-10 dagar/netter.

Tennene må undersøkast hjå tannlege før bleikinga då dei ikkje må ha hol eller vere skada.

Bittskinne

Ei bittskinne er ei individuelt tilpassa skinne som beskyttar mot tanngnissing, tannpress og avlastar kjeveledd og musklar . Dette kan igjen redusere smerter i ansikt og kjeveledd, mindre hodepine og muskelømhet. Du kan ha rett på HELFO-refusjon for fremstilling av ei slik skinne.

Voss Tannlegesenter Foto Veronika Stuksrud Fotova 022 scaled

Akuttbehandling

Om du er pasient hjå oss og treng akutthjelp er det viktig at du tar kontakt med oss slik at me kan hjelpe deg. Dei vanlegaste akutte plagene er tannverk og frakturar/knekt tann. Me vil prioritera dei av våre pasientar som har tannverk, slik at dei får rask behandling og smertelindring.

Skulle du vere uheldig å få tannverk eller behov for hjelp utanom opningstidene, kan du prøve å nå oss på mobiltelefon. 

Om me ikkje er tilgjengeleg kan du kvar dag få hjelp ved tannlegevakta i Bergen.

Ved akutthjelp etter normal arbeidstid er det eit tillegg på 75% av ordinær pris.